Representantar frå Statnett, Tussa Nett og Ørsta kommune er i dialog om kva dei skal gjere med granskogen som veks ved dei gamle strandgardane i Hjørundfjorden. Gardane vart fråflytta på 50-talet, og Møre og Romsdal energiverk kjøpte då området som linja går gjennom.

Det vart på den tida også planta granskog, noko som sett med dagens auge ikkje er så bra for kulturlandskapet.

– Grana har øydelagt kulturlandskapet og innmarka, og ho spreier seg på naturleg vis i vår tid. Dei siste åra har det difor vore drøfta mulegheiter for å bøte på tidlegare feilgrep ved å fjerne grana, seier leiar Gunnar Wangen i plan- og miljøavdelinga i kommunen.

I samband med bygging av ny kraftlinje i området, vil det ein periode i sommaren 2014 vere fritt for kraftlinjer der etter at den gamle har vorte riven. Wangen ser føre seg den sommaren som eit gunstig tidspunkt å verte kvitt skogen.

Måten det må gjerast på er å etablere ei taubane ned til ei flåte på fjorden. Skatet må truleg returnerast til land, og kanskje brennast der. Den noko kompliserte hogsten vil føre til at utgiftene vert større enn inntektene. Finansiering av hogstarbeidet har difor vorte ei lita nøtt som partane har drøfta.

Statnett er ikkje interessert i å betale, då dei ikkje har behov for linjerydding i traseen. Ørsta kommune og noverande grunneigar Tussa kraft må difor drøfte finansieringa seg i mellom.

Kommunen har også vore i kontakt med fylkesmannen, og det vert undersøkt om dei kan hjelpe til økonomisk.