Det vart ei veldig forsinka sesongopning på Vartdal skitrekki år. Og interessa var stor blant bygdefolket på opningsdagen.

– Det var stor stas å endeleg kunne opne trekket. Eg truddeeg måtte skrive null opningsdagar i boka i år, seier Gunn Fremmerlid Brandal,leiar for Vartdal skitrekk.

Har ope så lenge som råd

Onsdag 4. april var det endeleg nok snø til å opne trekket,etter ein heller snøfattig vinter. Med kring femti centimeter snø i bakken førtrakking var det dermed duka for  leik ogmoro på snøbrett og ski.

Dei to siste sesongane har det vore veldig mykje snø, menvinteren 2009/2010 var skitrekket berre ope fire dagar.

Fremmerlid Brandal seier dei no kjem til å halde ope mestmuleg så lenge snøen ligg, og at det vil verte både nattope og grilling vedskitrekket dersom vêret tillet det.

Skitrekket vert drive på dugnad av idrettslaget på Vartdal.

– Har sett fram til dette

Då Møre-Nytt var på staden onsdag ettermiddag var det førtipersonar i bakken, og det var stadig eit jamt tilsig av folk.

I hovudsak var det den yngre garde som nytta seg av trekket.

Elise Kvien og Hildegunn Fremmerlid Brandal var to av deisom hadde leita fram snøbretta og kosa seg i bakken.

– Det er fantastisk at trekket opna. Eg har sett fram tildette lenge, sa Kvien.

– Det vert godt å sleppe å reise så langt for å stå påsnøbrett, meinte Fremmerlid Brandal.

Skitrekkleiar Gunn Fremmerlig Brandal er godt nøgd med å endeleg opne trekket. Foto: Kjell Arne Steinsvik