Bottolf Lødemel, Knut Eilefsen, Atle Røeggen Braute og Frode Sundnes har arbeidd med låtmaterialet til Mellville i heile fire år, og siste året har dei framført låtane live. Etter fleire år som låtskrivar i Oslo har Bottolf Lødemel vendt heim til Melsbygda, der bandnamnet Mellville har sitt opphav.

Alle bandmedlemane har lang erfaring innan musikkbransjen innan både blues, rock og popmusikk. Eilefsen var sist å sjå på realityserien “The Voice” denne våren. Laurdag spelar dei på utescena i Aasen-tunet, med eigne låtar skrivne og sunge på nynorsk.

– Det bur ein liten vesttelemarking i meg, og eg synest dei har ein flott måte å nytte språket på. Difor blir det sunge på nynorsk, framfor dialekt, fortel Eilefsen.

Skifte

Der dei tidlegare song og skreiv på engelsk, har dei no gått over til nynorsk, som er noko av grunnen til at programansvarleg Åshild Widerøe ville ha Mellville med på laget under Dei nynorske festspela.

– I år når me har songen som tema, blir det gjerne litt fleire konsertar enn me tidlegare har hatt. Mellville skilde seg ut med flotte tekstar på nynorsk som eg trur publikum vil like, seier Widerøe.

Sjangermessig er karane innom både pop, folkemusikk, country og rock i låtane sine. Dei gler seg til å spele i det som dei karakteriserer som dei mest perfekte omgjevnadene for sine nynorske tekstar, i uteamfiet på Aasen-tunet.

– Det er heilt himmelsk for oss å få spele på Ivar Aasen-tunet. Flottare ramme rundt konserten trur eg ikkje vi kan få, seier Lødemel.

- Ikkje sov vekk sumarnatta

Røeggen Braute og Sundnes hadde ikkje høve å vere med denne helga, difor er dei røynde musikarane Bjørn C. Dreyer og Roger Jensen med Mellville på laurdag. Konserten startar klokka 23.30, og tunvert Ingrid Opedal har klar beskjed til publikum.

– Folk må ikkje sove vekk sumarnatta – kom heller på utandørs konsert på Ivar Aasen tunet, seier ho med eit smil om munnen.