Årsaka er dei 18 millionar kronene kommunen likevel ikkje får frå Tussa etter konsernet sitt store underskot i fjor.

Stor oppgåve

Rådmann Wenche Solheim har litt av oppgåve framføre seg når ho og staben hennar no skal setje opp framlegg til ei kutt-liste - ei liste over tiltak som kan fjernast - etter at kommunen må kvitte seg med 18 millionar kroner som er innlagt i årets driftsbudsjett.

Krevjande

Arbeidet er så vidt i gang. Og det handlar om eit særs krevjande arbeid.

– Frå før er vi i gang med å stramme inn stillingar som følgje av kommunestyret sitt vedtak om å reduksjon som følgje av eit mål om å kome i økonomisk balanse. Opp på dette kom altså meldinga frå Tussa sitt styre om at eigarkommunane ikkje kan vente seg ei krone i utbyte frå 2011.

Trengde ikkje!

– Denne meldinga var absolutt den siste vi trengde no. Vi har allereie snudd alle steinar, men no må vi snu dei endå tydlegare, seier Solheim noko oppgitt.

Ørsta kommune budsjetterte med eit solid utbyte også i år fordi dei på eigarmøte med Tussa sist haust fekk klare signal om at utbytet vart som før då økonomien var god.

– Difor la vi inn utbytepengane i driftsbudsjettet. Men det var før Dagmar, og då endra situasjonen seg mykje, konstaterer rådmannen.

Solheim synest ikkje kommunen har teke nokon sjanse med å budsjettere for utbyte. For kven kunne vite at orkanen kom i romjula?

Vedgår

Rådmannen vedgår at det er krise i kommuneøkonomien og at kommunen brukar alt for mykje pengar til drifta.

– Staten meiner jo at vi skal klare oss bra utan Tussa sine pengar. Men det gjer vi ikkje. Vi må i tillegg bruke opp sparepengane våre! Difor er driftsnivået vorte alt for høgt i kommunen. Planen var at vi i år skulle klare å dekke inn underskotet frå 2008 og såleis vere på veg ut av Robek. Men det kan ein no gløyme, meiner Solheim.

– Kva tiltak ser du føre deg framover for å kutte dei 18 millionane?

– Det har vi ikkje utabeidd framlegg til no. Men snart vil politikarane få ei liste med kuttframlegg. Men det eg kan seie at vi vil vurdere alle ledige stillingar. Når det er sagt er det ikkje slik at ingen av dei ledige stillingane ikkje vert bemanna. Vi kjem til å lyse ut internt, og kjem også til å flytte folk frå ein arbeidsplass til ein annan.

Investeringar

Rådmannen varslar også at dei vil gå gjennom investeringsbudsjettet og sjå om der kan vere noko å knipe ned på.

Når det gjeld aksjeutbyte, så har Ørsta kommune ved ordføraren tidlegare skrive brev til Tussa-styret med krav om dette.