– Vi hadde eit prøveår i fjor med fire bjøller. Vi hadde bjøller på tre sauer og på ei kvige. Resultatet var vellukka, og i år har vi leigt førti bjøller, fortel Ivar Aarsæther i Romedalen Beitelag. Beitelaget er det første lokalt som går inn avtale om ny teknologi for å følgje beitande dyr.

Det er Møre og Romsdal Sau og Geit og Fylkesmannen i Møre og Romsdal som administrerer ordninga her i fylket. Over heile landet er det no i gang utprøving av radiobjøllene.

I Romedalen Beitelag er det ikkje alle dyra som får bjøller. Dei vert nytta på leiardyra i flokkane.

Teknologi

Systemet fungerer slik at kvar «bjølle» har eit som-kort og ein GPS-sendar. Radiobjøllene får GPS-posisjon frå satellittar og sender han via mobilnettet til en server. Derifrå går informasjonen vidare til bonden sin brukarportal, slik at han eller ho kan følgje rørslene til dyra på sin eigen pc.

– Kvar saueeigar får sitt passord, og når vi er inne, kan vi følgje kvar einskild sau, for radiosendarane har kvart sitt nummer, seier Aarsæther.

Det er selskapet Telespor som har utvikla ordninga, og det er eit selskap der Telenor er ein stor eigar. Selskapet har gjort avtalar med bondeorganisasjonar og staten, og som medfører at saueeigarane og bønder får leige utstyret rimeleg.

– Det kostar oss hundre kroner bjølla, fortel Aarsæther.

Han synest det er ei rimeleg investering for å ha mykje betre kontroll på dyra på beite.

Mulegheiter

– Det eine er at ein kan følgje med vandringane. I flokar der det t.d. er innkjøpte sauer, og der sauene ikkje kjenner beitet dei skal på, kan vi oppleve lange vandringar. Då er det fint å kunne følgje desse vandringane frå dataskjermen, og slik ha kontroll.

– Det andre er at vi raskarane kan verte klare over om det er har skjedd noko gale med dyra. Viss vi ser at ein sau for lenge er på same staden, kan det tyde på sjukdom eller at noko har skjedd, seier Aarsæther.

Og for dei som er vande med bjølleklang i Romedalen: No kan det verte veldig stille.

– Ja, radiobjøllene er lydlause. Og vi har ikkje bjøller på dei andre dyra, seier Aarsæther.