Trimapparat, slakke liner, geoball, gummidekke med klatretak, huske, trampolinar, sklier, vassleikområde, svingstenger, parkourelement og klatrestativ er nokre av ideane som er teikna inn på skissa over den nye Vikeparken. Skisseprosjektet som det har blitt arbeidd med skal leggjast til grunn for vidare oppfølging i samband med arbeid med budsjett og økonomiplan.
Formannskapet skal handsame skisseprosjektet i sitt møte tysdag denne veka. I tilrådinga heiter det at prosjektet skal samordnast i prioritet med andre viktige prosjekt knytt til utviklingsplan og reguleringsplan for Ørsta sentrum.
Vikeparken vart opparbeidd i 2000 og 2001. I sakspapira vert det peikt på at parken har fleire gode kvalitetar, men at det er lite innhald som stimulerer til aktivitet. Når parken skal oppgraderast har det vore med ein tanke om at Vikeparken skal bli ein aktivitetspark.
I arbeidet som har blitt gjort til no har referansegruppa i sentrum vore involvert saman med barn frå Barnas Vel barnehage, barn frå barneskulane og elevar frå Ørsta ungdomsskule. I utgangspunktet var det tenkt eit lågt ambisjonsnivå for oppgraderinga, men det har blitt signalisert at eit slikt prosjekt bør ha eit høgt ambisjonsnivå. Frå referansegruppa har det ønskeleg at parken skal setje Ørsta «på kartet» med høg standard.
Skisseframlegget som no er ferdigstilt har eit kostnadsoverslag på 13,5 millionar kroner. Ein finansieringsmodell for eit slikt prosjekt bygge på ei tredeling mellom kommunen, fylkeskommunen og bidrag frå private.
– Tiltaket vil ha stor positiv effekt for utvikling av Ørsta sentrum og Ørsta kommune. Det vil styrke attraktiviteten til Ørsta sentrum, og med det ambisjonsnivået som ligg i framlegget, vil Ørsta kunne bli «sett på kartet» i eit stort område når det gjeld denne typen parkanlegg, heiter det frå rådmannen i saksframlegget.
I tillegg vert det peikt på at tiltaket vil styrke folkehelsa, tilbod til barn, unge og familiar, og bidra til auka trivsel for innbyggjarar og besøkande til Ørsta sentrum.