- Eg har tenkt på Rune Hovde sidan eg såg biletet av han på morenytt.no på valnatta. Eg ville ikkje kontakte han så lenge situasjonen her i Volda var uavklart. No skal eg ringe og gratulere, og få ein gratulasjon tilbake. Samarbeidet mellom Ørsta og Volda må verte betre.
Det seier påtroppande ordførar i Volda, Arild Iversen (KrF). Han har merka seg at Rune Hovde (H) vert ordførar i Ørsta. Iversen avslører overfor Møre-Nytt at han allereie i vår var i kontakt med Hovde.
For dårleg samarbeid
- Eg tok kontakt fordi han kunne verte ny ordførar i Ørsta, og eg ynskjer å utvikle samarbeidet mellom dei to kommunane. Dei siste fire åra har det vore altfor dårleg, seier Iversen.
Ein ny samanslåingsprosess vil han ikkje snakke om.
- Nei, det var ikkje Ørsta modne for no. I Volda er vi klare, men vi vil ikkje ta noko initiiativ før Ørsta kjenner seg modne. Noko anna er at eg er heilt overtydd om at Ørsta og Volda ein gong vert ein felles kommune, seier Iversen.
- Det er fasktisk vi politikarar som heng etter. Folk pendlar, er på ymse kultur- og fritidaktivitetar i begge kommunane. Dei kjenner knapt kommunegrensa. Kanskje det einaste som viser det er hjortekorridoren i Furene, seier Iversen.
Suksesshistoriar
Men samarbeid vil Iversen ivre for. Den påtroppande ordføraren meiner historia er full av suksesshistoriar om Ørsta - Volda-samarbeid.
- Vi har Volda og Ørsta Reinhaldsverk, Tussa og i si tid Mørebil. Det er mange fleire område vi kan samarbeide på og om. Dette vil eg snarast ta kontakt med Rune Hovde om, seier Iversen.
Han nyttar høvet til å gratulere Hovde med eit framifrå val i Ørsta, både for partiet Høgre og personleg.