– Barten hadde kanskje vorte best dersom eg var høg og mørk, men diverre er eg berre høg. Eg trur du må fram med makrolinsa om det skal verte noko bartebilde her i garden, seier Rune Hovde lattermildt.

Han fleipar med at han ikkje kan tenkje seg noko verre enn å sjå seg sjølv med ein særs dårleg bart, men insisterer i same andedrag på at dette ikkje er tida for å ta seg sjølv høgtideleg.

– Movember-tiltaket handlar om medvitgjering, og å setje fokus på ei viktig sak – nemleg kreft og menn si helse. Det ynskjer eg å vere med på, seier Hovde.

Movember

Heilt sidan 2003 har november vore internasjonal barte-sesong, der menn over heile verda har late mustasjen gro for å gje menn sin kamp mot helseproblem eit symbol.

Prostatakreft og depresjon har vore dei fremste kampsakene, og så seint som i 2010 vart også søkjelyset retta spesifikt mot testikkelkreft då Movember-rørsla slo seg saman med den britiske velgjerdsorganisasjonen Tachebak.

No kan ein registrere seg på rørsla sine nettsider, og logge framgang på både lippeskjegg og pengedonasjonar.

– Ei god sak

Tilbake på Hovde sit kontor, sit ordføraren med sin stadig veksande leppepryd, og seier han fall for humoren i tiltaket.

I tillegg trur han menn har litt å gå på for å verte like flinke som kvinnene til å setje fokus på helsespørsmål.

– Den kvinnelege delen av befolkninga har til dømes vore veldig aktive med rosa sløyfe-tiltaket sitt. Fakta er at éin av tre før eller seinare vert råka av kreft, så det er ikkje tvil i at dette er for ei god sak, seier Hovde.

Oppmoding

– Vert det barte-tevling blant mennene på rådhuset no då?

– Eg har ikkje kome så langt enno, men det vil eg absolutt oppmode til. Eg gjev med dette utfordringa til deg også, seier Hovde og rettar peikefingeren mot underteikna journalist, som har omtrent like kraftig skjeggvekst som ein nyklekt lakseyngel.