Jon Georg Dale (30) frå Dalsfjorden vart fredag utnemnd som statssekretær i Finansdepartementet i Kongen i statsråd.

– Det er sjeldan ein sunnmøring kan skuldast for å vere audmjuk. Men no er eg det. Det er ei stor og viktig oppgåve som skal gjerast, seier Dale.

Regjeringa gjorde fredag nokre endringar i sekretærkorpset. Ole Berget (Frp) gjekk av som statssekretær i Finansdepartementet, og samstundes vart statssekretær Fredrik Färber (Frp) flytta frå Statsministerens kontor til Finansdepartementet, medan altså statssekretær Jon Georg Dale (Frp) gjekk same veg frå Samferdselsdepartementet.

Formelt fredag

– Eg har visst ei kort tid at det skulle verte endringar, men det var fyrst fredag eg fekk den formelle førespurnaden om eg ville skifte departement, fortel Dale.

Dermed vart fredagen ein heilt annan enn planlagt. Han sa farvel til kollegaer i Samferdselsdepartementet, og helste på sine nye i Finansdepartementet.

– Eg har hatt eit flott år i Samferdselsdepartementet, og med flotte kollegaer både politisk og i embetsverket, seier Dale.

Han seier det har vore utruleg gjevande å kunne arbeide med samferdselspolitikk i eitt år.

Kva definerte oppgåver han skal få i Finansdepartementet er ikkje avgjort.

– For det fyrste er det heilt klart at det vert eit mykje vidare spekter av oppgåver. Dei komande dagane vil det verte meir konkretisert kva som vert mine ansvarsområde, seier Dale.

Frå kjøtskjerar til statssekretær

Trettiåringen frå Dalsfjorden har vore gjennom ei utruleg reise. For få år sidan var han kjøtskjerar, så hamna han o Stortinget som rådgjevar for stortingsgruppa til FrP, før vegen gjekk til Samferdselsdepartementet som statssekretær og no altså Finansdepartementet.

– Eg ser på det som ei tillitserklæring, og eg er altså veldig audmjuk overfor dei oppgåvene eg har fått, seier Dale.

Medan han rydda kontoret i Samferdselsdepartementet kunne han få med seg at det er eit stort børsfall over heile verda. Då er spørsmålet korleis det vil påverke arbeidet hans framover, med ansvaret for statsfinansane.

– Det vil eg ikkje svare på. Men det eg kan seie er at eg er ein del av eit departement og ei regjering som skal føre ein ansvarleg økonomisk politikk, seier Dale.