– Dette tilfredsstiller ikkje krava til kjønnsbalanse, og dermed kan konstitueringa av formannskapet vere ulovleg, sa kommunestyrerepresentant Jon Georg Dale (Frp) om før voteringa om konstitueringa av det nye formannskapet i Volda sist torsdag.

Tre av dei ni representantane i det nye formannskapet er kvinner.

No har direktør Helge Mogstad ved Fylkesmannen i Møre og Romsdal sett på saka, og konkludert med at konstitueringa er lovleg.

– Kravet om kjønnsmessig balanse relaterer seg til listene som stiller til val, ikkje til det formannskapet som blir valt, skriv han i ein e-post til Volda kommune.

Den grønraude samlinglista (Ap, V, SV og MDG) fekk inn fem represententar. Dette utløyser krav om at det skal vere minst to frå kvart kjønn. Fride Sortehaug (V) og Sølvi Dimmen (Sp) vart valt inn. Dette kravet er dermed oppfylt.

På listene til Frp, KrF og Høgre hadde ikkje fleire kvinner blant kommunestyrerepresentantane enn dei som stod på listene til valet av formannskap.