Returen kom som følgje av importforbodet Russland har sett i verk. For å unngå å kaste kvalitetsmat, valde Tine å dele det ut gratis, mellom anna til Matsentralen i Oslo og elles til medarbeidarar.

På ein pall er det 216 kartongar. Kvar kartong inneheld 10 småbeger à 125 gram Snøfrisk. Det vil seie vel 56.000 beger. Begera har russisk tekst og er difor ikkje salbare i andre marknader.

- For å unngå å kaste kvalitetsmat valde vi å dele ut ein stor del til Matsentralen i Oslo. Dei har Tine eit godt samarbeid med, og dei distribuerer vidare til høvesvis Blå Kors, Frelsesarmeen, Evangeliesenteret og Fattighuset. Dei fekk så mykje som dei meinte dei kunne nytte seg av på ein fornuftig måte. Resten vart delt ut til Tine sine tilsette, fortel meierisjef Bente Reklev.

Les også: - Inga krise for Snøfrisk i Ørsta

Ikkje dramatisk

Importforbodet skal ikkje vere dramatisk for Tine. Eksporten til Russland er på rundt 600 tonn, mens Tine sin totale eksport er på 12.000 tonn. Eksporten til Russland utgjer dermed omlag fem prosent.