Torsdag kl 7.30 oppdaga ferja "Tidefjord" ein liten, grå gummibåt med opp-bikka påhengsmotor drivande i fjorden melom Hareid og Sulesund, melder vikebladet.no.

Båten er om lag 10 fot og av merket Zodiac. Påhengsmotoren er av typen Yamaha 5 HK. Den som saknar ein slik båt kan ta kontakt med politiet. Båten er no frakta til gjestebrygga på Hareid.

- Dette kan også vere ein båt som kan ha drive frå Vartdalsstranda, seier lensmann Per Otto Myklebust i Herøy og Sande til Møre-Nytt.