Ivar Aasen-tunet har fornyanettstaden til tunkatten Lurivar. Nettstaden har vore svært populær blant bornasidan opninga i 2006 og dagleg leiar Gaute Øvereng er glad for å kunnepresentere nettstaden i ny drakt.

–Mengda av innhald på nettstaden har vakse kraftig og ei opprydding ogomstrukturering var naudsynt. I utviklinga av den nye nettstaden har vi førstog fremst lagt vekt på å gjere nettstaden enklare å bruke for borna, seier daglegleiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet. Aasen-tunet har samarbeida med firmaetAgens, og Øvereng er svært godt nøgd med den nye grafiske utforminga. Trufastebrukarar vil oppdage eit heilt nytt spel på den nye nettstaden og fleire nyeinnslag vil kome etter kvart.

Barnehagar og skular

Tunkatten.noer eit aktiviserande formidlingstilbod for born i alderen 5–10 år med nynorskspråk og litteratur. Nettstaden er i dag aktivt i bruk hos både barnehagar ogskular. Her finn ein mellom anna lydbøker, kryssord, spel, blogg og forteljingarom Lurivar skrivne av ulike forfattarar. Lurivar har også si eiga songbok medom lag 70 nynorske songar, som er svært populær. – Ein kan laste ned notar oglydfiler gratis til dei fleste songane, seier Gaute Øvereng.