Tala frå Avinor viser ein nedgang på 2,1 prosent i talet på reisande i oktober, men det er likevel truleg at Ørsta-Volda lufthamn, Hovden, vil nå 100.000 reisande dette året.

9.071

Månadstala for oktober er framleis gode for Ørsta/Volda lufthamn Hovden sjølv om det har vore nedgang. Totalt reiste 9.071 passasjerar til og frå flyplassen i oktober, og dette er 2,1 prosent lågare enn i fjor.

Ser ein året under eitt er tala likevel positive for flyplassen. Til og med oktober er det 83.307 passasjerar som har reist til og frå flyplassen, og dette er ei auke på 2,6 prosent samanlikna med 2010.

100.000

Dermed er ein på god veg til å nå målet om å passere 100.000 passasjerar ved utgangen av året, som også vil vere rekord for flyplassen.

I 2010 stoppa trafikken på like i underkant av 99.000 passasjerar.