Denne veka la politiet i Møre og Romsdal fram tal som viser at det stadig blir avdekt fleire seksuallovbrot i politidistriktet. OP Jupiter, som arbeider med å avdekke seksuallovbrot, vart oppretta 1. desember i 2016. Sidan oppstarten har åttifire overgriparar blitt avslørt. Av desse sakene er det sekstifire utspringssaker som har blitt sendt til andre distrikt, og tjue saker har blitt etterforska lokalt. Grafen for økonomisk kriminalitet har peika oppover sidan 2015, og det er ein auke frå 2016 til 2017 også. Valdskriminaliteten aukar også, medan det har blitt mindre vinnings- og narkotikakriminalitet.

– Trendane som gjeld for politidistriktet gjeld også for oss. I dei alvorlege lovbrota er vi involvert i etterforskinga i ein tidleg fase. Lokalt ligg vi på botnen når det kjem til saker pr. tusen innbyggjar. Dette er positive tal, men det er ein del alvorlege saker som vi gjerne ikkje skulle ha hatt, seier lensmann Guttorm Hagen.

Lensmannen har ikkje konkrete tal frå Volda og Ørsta knytt til kriminalitet og lovbrot som han kan gå ut med. Likevel er det ein trend frå det dagleg livet i politiet at patruljane brukar meir tid i Volda enn i Ørsta.

– I løpet av fjoråret patruljerte vi meir i Volda enn i Ørsta grunna behov der. Vi kan seie at det på det jamne er rolegare i Ørsta enn i Volda. Særleg i helgane må vi flytte patruljetenestene mot Volda. Noko som er litt spesielt er at vi har teke ein del ruskøyrarar gjennom vanleg patruljeteneste. Dette arbeidet er noko som vi også vil prioritere i år. Vi har allereie kontrollert fleire bilførar. Nokre av dei har vore rusa og det viser at vi ikkje kan kvile.

Lensmannen påpeikar at politiet har fått utvida kapasitet med krimteknikar i distriktet, og seier at dette er positivt.

– Det har vore fleire alvorlege saker på Søre Sunnmøre, og det har blitt gjort mykje bra politiarbeid. Det er mange saker som vil kome opp i rettssystemet i løpet av våren. For oss vil det bli ei samla styrking på etterforskingskapasitet. Dette kjem dels frå omorganisering og von om tilføring av nye stillingar. Det er ein del saker som er komplekse og arbeidskrevjande. Skal vi gå tungt inn i desse sakene vil det gå utover anna sakshandsaming, men eg trur vi vil sjå effekten av politireforma og tilførsel av nytt personell i løpet av våren.