Det litt uvanlege spørsmålet vert stilt av Ove Myklebust som sit i vektbua ved innkøyringa til miljøstasjonen til VØR i Hovdebygda.

Seint måndag ettermiddag kom nemleg eit tilhengarhjul trillande forbi køa av bilar med tilhengarar på veg ut frå miljøstasjonen, og stansa akkurat ved veggen til vektbua. Der har det sidan vorte liggande. Men ingen eigar har dukka opp, fortel VØR på si heimeside.

- Det er truleg snakk om eit hjul frå ein tilhengar med fire hjul. Bremsetrommelen står att på innsida av hjulet, og det må ha skjedd ein mekanisk brist som i neste omgang gjorde at hjulet losna, fortel Petter Sandvik hos VØR.

Ove Myklebust ber no dei som var innom miljøstasjonen på måndag med tilhengar å sjekke at tilhengaren har alle hjula på. Og han håper at eigaren dukkar opp.

Onsdag er miljøstasjonen til VØR open berre fram til klokka 12.00, og neste dag med ordinær opningstid er tysdagen etter påske.