– Det var brutalt, akkurat som venta, sa vinnar Stian Øvergaard Aarvik  frå Bergensklubben Gneist etter å ha vunne Saudehornet Rett opp laurdag.

Det vart ein tett duell med Johan Bugge frå Eidsvåg, også det ein bergensklubb.

– Han fekk først ei luke,men eg jobba han inn etter kvart. Om lag 400 meter før mål tok eg han, seier Stian Øvergaard Aarvik.

I dameklassa vart det suveren siger til Anita Iversen Lilleskare, også ho frå Bergen.

– EDg tru det vart om lag to minutt raskare enn sist eg var med, sa ein blid damevinnar.

Forholde var ikkje optimale. Løparane sleit med grørme og glatt rås i mellompartiet,men opp mot toppen var råsa ikkje så prega av regnveret, som melde seg i år også.

Det var barneløp også,med målgang ved gapauset i Vikeskåla.

- Vi er med for fyrste gong, fortel Dorthea Korzeniewska. Ho har budd i Ørsta i ti år, men det var fyrst i år ho endeleg tok steget, og vart med på fjellfesten.

Medan dei mange hundre mosjonistane gjekk oppver fjellsida, førebudde konkurransedelatakarane seg til start. Det vart varma opp med jogging gjennom Ørsta-gatene, før det var start frå småbåthamna.

Sjølv om det regna, var det ein del publikum langs løypa, og i Vikegata var det tradisjonen tru frukost.

- Her har vore ein del folk, og vi har plass under tak, slik at folk er turre, fortel leiar for Naturfestivalen, Siri Dahl.

To av dei som alltid plar få med seg frukosten i Vikegata, er Laila Basesen og Finn Ørstavik.

- Og mest alltid er det under tak, seier Laila Basesen. Ho synest det er heilt greitt med litt regn etter den sommaren som har vore.

Fleire var også på Hotell Ivar Aasen, og følgde løpet frå storskjerm der.