Det er ikkje meir enn vel tre og eit halvt år sidan Tor Grunde Simonsen (33) flytta til Sæbø saman med familien. På den tida har han saman med andre etablert kor, filmklubb, faste kvisskveldar og mykje anna.

Engasjementet er sterkt, og alt for å skape kulturaktivitetar som gjev bulyst og glede i kvardagen.

I romjula vart Tor kåra til «Årets bondaling».

Årets Bondaling: Tor Grunde Simonsen vart kåra til Årets Bondaling for 2017. Foto: Rune Sæbønes

«Årets Bondaling har sidan han kom flyttande hit hatt mange gode idear for å skape nye aktivitetar og nye møtestadar – og det unike er at han ikkje berre har tenkt tankane, men fått andre til å tenne på dei og deretter setje dei ut i livet», heiter det i grunngjevinga frå Bondalen frilynde ungdomslag.

Multiinstrumentalist

Tor er opphavleg frå Grimstad. I barne- og ungdomsåra vart han veldig engasjert i musikk. Fyrst i rockeband, og der etter vart han også veldig glad i jazz. Hovudinstrumentet hans har vorte saksofon. Men han er ein multiinstrumentalist, og spelar også gitar og piano – og syng gjerne også.

For vel ti år tilbake møtte han Marit Aklestad frå Sæbø. Dei vart forelska, og gifte seg. Dei fyrste åra budde dei saman i Oslo. Etter kvart kom tankane om å flytte ut frå byen.

Saksofon: Hovudinstrumentet til Tor Grunde Simonsen er saksofon. Her spelar han på kaia på Urke. Foto: Privat

– Det som er negativt med storbyen er reisetida og all ventinga. Det er vanskeleg å få til kabalen med levering av born i barnehage til dømes, fortel Tor.

Han er utdanna lege, og då han fekk ei stilling som vikar ved Volda legekontor, bestemte han og Marit seg for å flytte til Sunnmøre. Valet fall på Sæbø.

Men alt er ikkje gale med storbyen. I Oslo var Tor engasjert i mykje. Han spelte musikk. Han har ei stor interesse for film, og var fast gjest på Cinemateket, som viser filmar som ikkje plar gå på dei store kinoane. Han var fast deltakar på Grünerløkka-mesterskapet i Quiz, ei populær spørjetevling.

Og han har ei interesse for ølbrygging. I Oslo er heimebrygging av øl ein stor sosial aktivitet.

Tor erkjende at skulle han greie å ta med seg nokre av desse interessene og hobbyane til Sæbø, måtte han skape arenaer for dette sjølv.

– Det har vore litt eigeninteresse. Men ingenting av dette hadde eg fått til utan god hjelp frå andre engasjerte folk, fortel Tor.

I samband med utnemninga til Årets Bondaling takka han spesielt Erlend Walseth, Regine Aklestad, Janine Berg, Jon Arne Årseth og Øyvind Taklo for saarbeidet.

Noko av det fyrste bygdefolket la merke til då Tor kom flyttande til bygda var lyden frå saksofonen gjennom vindauga i leilegheita i Sæbø sentrum.

Musikkinteressa tok han med seg. Han er ikkje engasjert i noko fast band, men stiller opp for Generasjonskorpset til jul og 17. mai. Han er med i ymse prosjektorkester til spesielle høve, og har vore med på å arrangere konsertar.

– Eg likar musikk svært godt, og når eg har fri, høyrer eg mykje på musikk. Eg likar jazz, og det å gå tilbake i tida og lytte til klassikarane. Eg likar også veldig godt klassisk musikk, fortel Tor.

Han stiller opp som musikar når det vert gjort stunt i eit anna prosjekt han er involvert i: Hjørundfjord filmteater. Dette er ein filmklubb som har skapt stor interesse for kino og film.

Kino: Tor Grunde Simonsen var initiativtakar og driftar Hjørundfjord filmteater saman med mellom andre Regine Aklestad. Foto: Rune Sæbønes

– Vi fann ut at skulle vi lokke folk ut for å sjå film saman, måtte vi ha eit konsept som gjorde at opplevinga vart betre enn å sjå ein film på fjernsyn heime. Det handlar om godt bilete og god lyd, og ei ramme rundt som vert opplevd som annleis, fortel Tor.

Hjørundfjord filmteater har fast tilhald på Sæbø bedehus, men nokre gonger vert filmar viste andre stader, som i «Dampen» på kaia, eller ute i det fri med utekinoar. Og det har vore stumfilmkonsertar, der det vert vist ein klassisk stumfilm, og Tor og andre spelar live musikk til filmen.

Musikken er viktig også når Tor arrangerer Sæbømeisterskapen i kviss på Hotell Sagafjord. Desse spørje- konkurransane fredagskveldar i vinterhalvåret har vorte ein formidabel suksess. Bygdefolket strøymer til.

– Konseptet er frå Grünerløkka med nokre justeringar, fortel Tor.

– Eg er glad for at dette er eit samarbeid mellom hotellet og bygda, og at bygdefolk kan vere med på å gje hotellet ein aktivitet, seier han.

Eit anna nytt tiltak Tor har medverka til, er etableringa av Hjørundfjord mannskor. På kort tid har koret vorte etablert, og har spelt inn både video, og delteke på konsertar.

Hjørundfjord mannskor: Tor Grunde Simonsen er ei av eldsjelene bak Hjørundfjord Mannskor. Her frå ein konsert i Volda kyrkje. Foto: Janne-Marit Myklebust

Ein lidenskap som kanskje høyrer til det utvida kulturomgrepet, er ølbrygging.

– Ølbrygging er sosialt, og det er også kjekt å kunne bryggje fram eit godt øl. Kanskje også eksperimentere med nye sortar. Vi er ikkje like heldige alltid, men vi vert betre, seier han med eit smil.

Og understrekar: – Som lege veit eg kva skadar alkohol kan gje. Øl skal drikkast i små mengder, poengterer han.

Heilårssamfunn

Han synest det er artig at det kjem folk frå Ørsta og Volda for å vere med på aktivitetane som er skapte. Tor er oppteken av at bygda skal vere eit heilårssamfunn.

– Sæbø har alltid vore flinke med idretts- og friluftsaktivitetar. Dei aktivitetane eg har medverka til, er meir som kulturtilbod å rekne. Dei er mykje lagde til den mørke årstida, for det er viktig at bygda lever også då, poengterer Tor.

For han er det viktig at kultur- og bygdelivet på Sæbø bør innehalde mykje idealisme og fellesskapsfokus.

– Det er eit lite og sårbart samfunn. Vi har Bellingen, bakeriet, Hjørundfjord Camping osb., og som er mykje idealisme. Og i same gode Sæbø-stil: Sæbø DS ekspedisjon.

Samstundes trur Tor det er viktig med tilbod som folk berre kan møte opp på, utan å tenkje på at dei skal medverke på dugnad.

Nokon lurer kanskje på om det vert altfor mykje å engasjere seg i for han sjølv.

– Nei då. Eg greier å planleggje fritida, og prioriterer tid saman med familien – og til trening og friluftsliv, seier Tor Grunde Simonsen.