Ein svært nøgd Helge Kårstad frå Kystskogbruket kan med glede slå fast at landbruksdirektoratet inviterer Ørsta og Mandal til å sende ein fullstendig søknad om tømmerkaitilskot for 2016. Fristen er sett til 15. september.
Kaiene har eit totalt investeringsbehov på nær 87 millionar kroner. I statsbudsjettet for 2016 er det sett av 46 millionar.
Ørsta har søkt om 12,5 millionar kroner frå Statens landbruksforvaltning, og har også rekna med å få éin million frå fylkesmannen, to millionar i eigenfinansiering og 1,5 millionar frå andre.
– Dette er utan tvil dei to beste prosjekta som kan få støtte no. Det treng vi ikkje stor fantasi for å skjøne, vi som jobbar i denne bransjen. Eg trur ikkje at det er for tidleg å juble. Det er to prosjekt som er prioriterte, og eg trur vi med stort sannsyn kan rekne med at begge får. Storleiken på summen er derimot ikkje klar, seier Kårstad.
Og landbruksdirektoratet kjem med ei oppmoding om at søkjarane prøver å redusere kostnadene.
– Tilskotsbehovet er vesentleg større enn dei midlane vi har for 2016. I søknadsrunden oppmodar vi søkjarane om å redusere behovet for tilskot ved å finne anna finansiering. Viss dette ikkje skjer må søkjarane vere budde på at nokre ikkje får tildelt midlar, eller at storleiken på tilskotet vert redusert.
Viktig
Kårstad seier at å få utvikle Ørstaterminalen til ei fullverdig tømmerkai vil vere svært viktig for Ørsta og Volda.
– Ørsta var den første kommunen i Noreg som utarbeidde ein skogreisingsplan på femtitalet, i regi av Hans Berg. Mykje vart planta, nokre meiner for mykje, men det vart gjort ein utruleg jobb for å skape skogverdiar. At Ørstaterminalen har vore positive til å tilrettelegge for tømmer er viktig. Utan den moglegheita hadde skogbruket i området hatt eit stort problem, for du kan ikkje omsetje tømmeret utan tilgang på sjø per i dag.
Kårstad fortel at han kjenner strandlina frå Dalsfjorden til Festøya nær like godt som si eiga bukselomme.
– Og det er berre Ørstaterminalen som er eigna for utskiping av tømmer. Ingen andre stader er eigna i området, meiner han.
Samarbeid
Odd Magne Vinjevoll frå Ørsta Næringskontor er også svært glad og letta over at Ørsta no ser ut til å verte tilgodesett med midlar.
– Det har vore avgjerande at vi har knadd prosjektet sidan 2013. Vi har redusert kostnadene med ti millionar kroner, har hatt kontakt inn mot departement og sentrale aktørar, og meiner at vi no har funne eit godt samsvar mellom kostnader og mengde tømmer som skal skipast ut.
I anslaget er det teke høgde for at det dei neste 30 åra skal skipast ut 40.000 kubikk per år. Nokre meiner talet bør vere høgare, men Vinjevoll meiner dei har kome fram til realistiske tal.
– Det er mange som har løfta opp Ørstaterminalen i denne saka. Frå næringskontor og kommune til det lokale skogeigarlaget ved Ragnar Aarflot og Olav Aambø, landbrukskontoret, Allskog og fleire. No ser det ut til at vi kan kome i mål.
Effektivisering
Landbruksdirektoratet fekk 13 skisser som dei har vurdert for tilskot. Tre av desse er søknader om ekstra tilskot til kaier tom også tidlegare har fått tilskot.
Om Ørsta seier dei dette:
– Ørsta er eit sentralt kaipunkt der store verkeressursar i sørlege delar av Møre og Romsdal, og utviding av kaifront og baklager gir ei god effektivisering av verkeshandteringa på kaia. Med den auka avverkinga som kan forventast i dette området, er ei god kailøysing avgjerande, i tillegg til at det må verte lagt til rette for effektiv tømmertransport på vegnettet i dekningsområdet.
Opna pengesekken
– Fleksibiliteten ved Ørstaterminalen er flott, og noko fleire kommunar i området kan dra nytte av, seier Helge Kårstad, og viser til at kaia vert brukt også til andre ting enn tømmer.
– Mange har snakka om kor viktig det er med skikkeleg infrastruktur for landbruket, men få har gjort noko med det. Eg vil verkeleg berømme dei to statsrådane Sylvi Listhaug og Jon Georg Dale for å verkeleg ha teke tak i dette. Frå stubbe til næring. Dette er noko som har kome på plass først dei seinare åra. Dei ser ut til å ha forstått kor viktig dette er. Eg ønskjer meg enno meir fokus på å få gods frå veg og bane over på sjø.
Kystskogbruket er eit samarbeid som jobbar for at potensialet i skogbruket langs kysten skal verte realisert. Alle kystfylka frå Finnmark i nord til Aust-Agder i sør er med.
– Det felles trykket langs kysten gjer at regjeringa og statsråden har opna pengesekken. Ørsta skulle gjerne ha kome på prioriteringslista før, men no kom det endeleg på plass, og det er eg svært glad for.