Det opplyser informasjonssjef Arne Voll i Gjensidige.

I tillegg til desse melde hendingane, er det truleg fleire slike hendingar som ikkje vert melde.

Av påkøyringane var ni i Volda og ni i Ørsta.

– 35 prosent av alle påkøyringane skjer i mørket, og berre fem prosent av dei som vert påkøyrde har refleks. Kvart år døyr i gjennomsnitt 20 til 25 fotgjengarar i trafikken i Noreg, og 85 vert alvorleg skadde, seier informasjonssjef Arne Voll i Gjensidige.

Laurdag er det Halloween, og då er det ekstra mange born og unge som er ute langs vegane i mørket.

Refleks

– Kle borna med refleks, eller sy dei inn i kostyma. Ikkje berre skremmer borna naboen, men dei skremmer også bilistane. Dei fleste Halloween-kostyme er mørke, og utan refleks er det mest uråd å verte sett, seier Voll.

– Risikoen for å verte påkøyrd i mørket vert redusert med heile 85 prosent med bruk av refleks. Sjølv om bornet ser bilen, ser ikkje alltid bilisten bornet, poengterer Voll.