I ekstraordinær generalforsamling 4. oktober blei det bestemt at Tussa betalar ut eit tilleggsutbyte til eigarane innan utgangen av oktober. Utbetalinga blir på 16.500 kroner pr. aksje, totalt om lag 50 millionar kroner.

Utbetalinga er i samsvar med vedtak som blei gjort i ekstraordinær generalforsamling i Tussa 1. februar i år. Der blei det indikert å betale ut eit tilleggsutbyte på rundt 50 mill. kr i 2013 viss det var lovleg høve til det. Generalforsamlinga meiner at den økonomiske situasjonen til konsernet gjer det forsvarleg å betale ut eit tilleggsutbyte.

Tussa er eigd av kommunane Ørsta, Herøy, Volda, Hareid, Vanylven, Ulstein og Sande på Søre Sunnmøre, og av KLP og Hornindal Kraftlag AS.

Ørsta kommune er den største eigaren med rundt 35 prosent av aksjane.