Fredag kveld vart den årlege fotballgallaen til Sunnmøre fotballkrins arrangert. Rundt 120 gjestar frå krins og klubbar møttest på Rica Parken Hotel i Ålesund. Det var fem hovudkategoriar, og i prisen årets fotballkommune var Ørsta nominert saman med Herøy og Norddal. Ørsta kommune er med sine fem seniorlag på herresida og eitt på damesida ein av kommunane på Sunnmøre mest flest seniorspelarar. I kommunen har det siste åra vore ei god anleggsutvikling med bygging av kunstgrasbaner og fotballhall.