Volda kommune har rapportert inn til staten at kommunen, som konsern, i fjor hadde energikostnader på totalt 5,3 millionar kroner. I Ørsta kommune vart det brukt 9,4 millionar kroner til føremål innan energibruk.

Resten av Noreg

SSB har rekna ut kor mykje kvar kommune bruker på straum per kommune. Her kjem det klart fram at Volda er høgt langt nede på listene. For medan gjennomsnittet i Kommune-Noreg ligg på 933 kroner per innbyggjar, så bruker Volda kommune berre 603 kroner per innbyggjar. Det er berre elleve kommunar blant dei 428 i heile Noreg som har lågare kostnader per innbyggjar enn Volda. Ørsta har eit gjennomsnitt på 901 kroner per bebuar i kommunen. Det er og under snittet.

Mest og minst

Sørfold kommune i Nordland er ifølgje Kostra-tala heilt oppe i 7.428 kroner per innbyggjar. Bykle i Aust-Agder er nest høgast med 5.919 kroner, mens Tinn (med Rjukan) i Telemark er nummer tre.

Dette er eit hav føre kommunane som ligg i andre enden av skalaen. Røyken i Buskerud er den kommunen som bruker klart minst, med 207 kroner per innbyggjar. Bergen er nummer to med 539 kroner, det same som nabokommunen Meland.

Bruker mest straum i Møre og Romsdal

Estimerte tal ligg føre for Møre og Romsdal. Dei viser at det blei ført straum for 246 millionar kroner i alle kommunane. Dette er då 947 kroner per innbyggjar.

Det viser seg at Rindal er den kommunen i Møre og Romsdal som har aller største utgifter til energi i forhold til innbyggjartalet. Her vart det i fjor brukt nesten seks millionar kroner, og dermed 2.866 kroner per innbyggjar. Så følgjer Tingvoll kommune på plassen bak, med 1.643 kroner per innbyggjar.

Den kommunen som bruker minst per innbyggjar, er Sula. Her skal det vere energikostnader pålydande 588 kroner per innbyggjar.