Rotset driv føretaket Ålesundsguid1, og vart onsdag oppringd av turistinformasjonen i Ålesund og spurd om å bli med Queen Mary 2 inn Hjørundfjorden. Tryggleiksmessige årsaker knytt til det dårlege vêret og mange skip i Geirangerfjorden, gjorde at kapteinen måtte endre på den opphavlege planen om å gå til#<\p>Geiranger.

– Geiranger var høgdepunktet på heile cruiset, så for å gjere opp for dette føreslo flåtekapteinen å leggje turen om Hjørundfjorden i staden, fortel Rotset. Ho gjekk om bord i Ålesund og informerte over speakeranlegget om fjorden og folket som bur der.

– Eg begynte å fortelje då me gjekk inn Norangsfjorden, og det vart kringkasta til passasjerane som heldt seg ute på dekk. Eg snakka om dei høge fjella som kransar om fjorden, om Øye og hotellet der, om jordbruket og om dei levande bygdene langs fjorden. Ferja dukka òg opp, og då fortalde eg korleis ho knyt den veglause grenda Skår i hop med resten av fjorden, seier Rotset.

Nesten 4000 om bord

Om bord på passasjerskipet er 2500 gjester i tillegg til eit mannskap på 1200.

– Det var mykje engelskmenn og amerikanarar, men òg eit par frå Ålesund var om bord. Dei ville oppleve eit luksuscruise i heimtraktene, seier Rotset. Ho meiner det er fjella, lyset og dei levande lokalsamfunna som gjer Hjørundfjorden så særprega.

– Det at det faktisk bur folk i husa langs fjorden er noko av det turistane vert aller mest fascinerte av.

Ho ser eit stort potensial for utviklinga av turismen i fjorden.

– Dette er indrefileten av Noreg, og eg håper så mange som mogleg kan få oppleve området. Samstundes kan ein auke i turismen verte eit tviegga sverd, og ein må spørje seg om ein ønskjer ei utvikling som i Geiranger.