Snakk om kanonstart på pinsehøgtida: I dag, pinseaftan, er det varmerekord for året i Ørsta.

Gradestokken passerte i middagstida godt over tjue grader mange stader, og det har vore lite folk å sjå i sentrumsgatene. Folk nyttar høvet til å kose seg på altanen, i båten, på hytta, ved campingvogna eller kvar dei no har innretta seg.

Fleire butikkar var laurdag utselde for ein del populære grillprodukt, så det er nok duka for mykje grilling ut over kvelden hjå den gemene hop.

Bading

Og jammen det har også nokre starta badesesongen. Brørne Elias (11) og Erlend  (10) Hjellen Mork (framst på biletet) er kjende som nokre ekte hardhausar, likevel skalv også dei i leppene etter å ha "kosa" seg i den iskalde Ørstafjorden laurdag ettermiddag. Sjølv om lufta er varm, er sjøen framleis iskald og vel så det.

Det beste av alt: Fineveret skal vare heile pinsa. Tysdag, når kvardagen er tilbake, kjem regnet. I mellomtid kosar folk seg som berre.