I juli i fjor kunngjorde vegvesenet at dei saman med Ørsta kommune starta arbeidet med to reguleringsplanar for E39, Flåvika–Flåskjer (Storegjylet) og Molvikneset– Masdal.

Utvidar

Den eine planen omfattar 800 meter på strekninga mellom Molvikneset og Masdal mellom Nordre–Vartdal og#<\p>Barstadvika. I planprosessen har det vorte avklart at det er behov for noko meir areal i nordaust, mellom anna for å legge til rette for busslomme.

Den andre planen omfattar 3,1 kilometer mellom Rjånes og Vartdal.

Målet med arbeidet er å skaffe formelt plangrunnlag for å gjennomføre ei utbetring av E39 til utbetringsstandard for Nasjonale hovudvegar. I tillegg er det eit mål å planlegge rassikring for utsette punkt på strekninga som ligg lengst sørvest.

Prosjektutfordringar

Vegstrekningane er i dag for smale, og det er ønske om ei breiddeutviding til 8,5 meter.

Det største problemet mellom Molvikneset og Masdal er to kurver med smale grøfter på innsida, og difor svært dårleg siktforhold gjennom kurva. Spesielt den skarpe kurva ved Masdal kjem brått på for trafikk som køyrer sørover.

For strekninga Flåvika–Flåskjer er problemet om lag 10 kurver med radius mellom 100 og 200 meter. Det er smale grøfter på innsida og dårlege siktforhold gjennom fleire av kurvene. Det er registrert fleire ras på strekninga frå dei bratte fjellsidene som strekk seg opp til ca 1.000 m.o.h. Raspunkta Svora, Storegjølet S, Storegjølet N er ikkje 100 prosent sikra.

– Det vil også vere ei utfordring å finne fram til «rette» tiltak for å oppnå betre rassikring og tilpasse kurvaturen på veglinja til slike løysingar, melder vegvesenet.

Dei viser til det bratte terrenget som gjer det problematisk å oppnå tilstrekkeleg kurveutbetring.

Ikkje pengar

– Det er også eit problem at det, i alle fall inntil vidare, må vere venta at det berre vert midlar til å gjennomføre delar av prosjektet. Planen bør legge til rette for at det skal vere muleg å utbetre korte strekningar som eigne byggesteg, og knyte desse til eksisterande veg, meiner vegvesenet.

Planforslaget vert lagt ut til offentleg ettersyn, truleg like over sommaren.