- Vi  vil  presentere Bergen Museum sineutgravingar og vår gjenskaping av ein vikingfjord som resultat avklimaendringar. I vikingfjorden var det eit hovdingsete i enden av det som idag erferskvatn etter at landet heva seg etter istida. Denne vikingstadenligg i randsona til nasjonalparken.

Det fortel Anne Kjos-Wenjum Armas i Jostedalsbreen Nasjonalparksenter i ei pressemelding.

13. mai er det opning av det som vert kalla "Vikingfjord år 800 randsone nasjonalpark".

Rasteplass

Ved denne «fjorden» som dei gjenskapar byggjer nasjonalparksenteret no rasteplass med døgnopne toalett og informasjon om nasjonalparken som dei vil drifte med sal av bl.a. lokale souvenirar og kortreist tradisjonsmat.

- På «fjorden» vår har vi klart eit vikingsskip med bord og benker om bord, og der vil jazzmusikar Arve Henriksen sitje og spele fjordlydar under opninga. I tillegg vil her vere gamle trebåtar på «fjorden» ombygde til rasteplass og serveringsstad, seier Anne Kjos-Wenjum Armas.

Heilårsope

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter er eit heilårsopesenter med over 75.000 gjester i året og med eit vidt spekter avfriluftstaktivitetar. I påska skal senteret ha tre dagars nasjonaltkvalifiserande turleiarkurs for 25 personar frå lokalsamfunnet.

Nasjonalparksenteret samarbeider med grunneigarane inasjonalparken og bygdefolk, og har internasjonale samarbeidsprosjekt.

- Dei nyepedagogiske metodane ved senteret, som vart lansert i 2013, har skaptinternasjonale gode omtalar, seier Armas.