– Når det gjeld rassikring i Dalsfjorden, gjekk leiaren i samferdsleutvalet, Oddbjørn Vatne, langt i å opne for at utvalet kan løyve midlar til dette frå ein «ekstrapott» på 10 millionar kroner pr. år, fortel Ingrid Opedal (SV), som førte framlegga i pennen. – Utan godt førearbeid av dei to ørstingane i sine respektive grupper, hadde nok ikkje dette vorte vedteke, seier Opedal.

Ho understrekar at det enno er eit stykke fram for Høgebrua.

– Det fylkestinget no gjorde var å føre den inn på lista over prioriterte prosjekt, men førebels i kategorien «behov/ prioritering ved større rammer». Når det kan kome midlar til gjennomføring er uråd å sei, men det å stå på lista er eit første steg på vegen.

Opedal fortel at ho også kom med eit framlegg når det galdt rassikring av Dalsfjorden.

– Framlegget gjekk på å føre dette inn på lista over prioriterte rassikringsprosjekt, noko eg trudde var ein føresetnad for at kommunen eventuelt kan forskottere. Då leiaren i samferdsleutvalet, Oddbjørn Vatne, informerte om at det kan løyvast midlar til desse strekningane frå ein eigen «rassikringspott» på 10 millionar kroner årleg, valde eg å trekkje framlegget fordi denne framgangsmåten truleg fører til raskare realisering, fortel ho.

Inntrykk

– Trongen for rassikring rundt Dalsfjorden er likevel lyfta opp i fylkestinget, og inntrykket mitt er at synfaringa rundt fjorden for ei tid sidan gjorde inntrykk, seier ho.

Volda kommune er no i gang med å lyse ut planlegginga på anbod, så her er det berre å stå på og halde saka varm blant fylkespolitikarane, meiner Opedal.