Den kompakte motoren, som har fått namnet Thorque, er basert på permanent magnetteknologi. Dette er den andre i rekkja framdriftssystem frå Scana Propulsion som nyttar denne teknologien.

Thorque er ein saktegåande motor som kan monterast på mange typar skip. Styrkjen til motoren er at han er både kompakt og energieffektiv.

– Vi har stor tru på dette produktet, seier adm.dir Hallvard Pettersen på Scana Volda.

– Thorque er mynta på offshorenæringa, både når det gjeld nybygg og å byte ut gamle, eksisterande anlegg. Thorque er det vi kallar ein CP-propell, ein vridbar propell der ein koplar motoren rett på akslingen. Så byggjer vi inn servo- og thrustsystem i motoren. Då tek det mindre plass, seier Pettersen.

Thorque er resultatet av eit gjensidig samarbeid mellom Scana Propulsion og Inpower.

– Inpower er flinke på permanentmagnetmotorsida, så har vi teke oss av den mekaniske og hydrauliske delen, seier Pettersen.

Scana eig deler av Inpower.