Ein 36 år gammal mann er sikta for forholdet, og i avhøyr har han erkjent dei faktiske forholda.

Det var fredag ettermiddag at det vart meldt tjuveri av ein bil i Ørsta. Natt til søndag kom bilen til rette i Volda. Då var det også stole nokre gjenstandar frå bilen.

Onsdag vart ein mann altså sikta for forholdet. Han erkjende tjuveriet, og vedkomande stod også bak tjuveriet av gjenstandane frå bilen. Politiet ser på saka som avslutta.