I samband med Ungdata-granskinga til Høgskulen i Volda, har det også vorte gjennomført ei eiga gransking om idrett, trenings og friluftsliv.

Av denne går det fram at 37 prosent i Ørsta og 38 prosent i Volda svarar at dei har fotball som viktigaste idrett. I Sande er det til dømes 74 prosent som svarar at fotball er viktigaste idrett.

Trening

Granskinga syner også at organisert trening i idrettslag går jamt og sterkt tilbake frå 8. klasse til 1. klasse i vidaregåande skule.

På kultursida svarar 49 prosent av ungdommane i Volda og 40 prosent av ungdommane i Ørsta at dei har vore på pop- eller rockekonsert. Det er klart meir enn i dei andre kommunane. Også når det gjeld teater- eller revyframsyningar er det tydeleg at fleire ungdommar i Ørsta og Volda har tilbod om dette enn i kommunane Hareid, Vanylven, Giske og Sande.