Objektsikring DA og Sector Alarm AS har inngått ein ny langsiktig avtale om levering av hus- og hyttealarm til kundar i Ørsta og Volda.

Objektsikring har heilt sidan starten i 1996 levert alarm i området og har i dag over 800 alarmkundar.

– Det har vore nokre spennande månader etter at Sector Alarm kjøpte opp vår tidlegare samarbeidspartnar G4S, seier Alex Heltne, dagleg leiar i Objektsikring.

– Vi er difor veldig godt nøgde med å ha på plass ein avtale med Sector Alarm. Vår nye samarbeidspartnar har dei siste åra hatt god vekst, noko vi tykkjer gjer det heile meir interessant å få vere med på. Sector Alarm er eit stort og trygt selskap å vere kunde i. Dei har eit godt produkt, ei sterk merkevare og eit veldig bra salsapparat som helt sikkert kjem heile området til gode.

Samarbeid

Leiinga i Sector Alarm er på si side svært godt nøgde med å få på plass ein ny avtale med Objektsikring.

– For oss har det vore viktig å få på plass eit samarbeide med en seriøs og erfaren partnar med lokal tilknyting i eit veldig spennande område. Gjennom Objektsikring sikrar vi god lokal handtering og oppfølging av våre kundar. Vi meiner at dette er en svært god kombinasjon og har derfor store forventningar til samarbeidet, seier Viggo Skeisvoll administrerande direktør i Sector Alarm AS.

Spesialkompetanse

Sistnemnde selskap vart grunnlagt i 1995 og er eit 100 prosent norskt firma. Verksemda har spesialisert seg på bustadalarm og har i dag 137.000 kundar i Noreg og 50.000 i Sverige.

Sector Alarm overtok nyleg Nokas 10.000 boligalarmkunder. Selskapet har ein vekststrategi med mål om 500.000 kundar i 2015 (Noreg og utlandet), og å bli størst her til lands.

Objektsikring DA er på si side eit vakt- og tryggingsselskap, som dekker Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane med alle produkt og tenester innan vakt, alarm, TV-overvåkning, lås/adgangskontroll, safer og kurs. Selskapet vil fortsette sitt samarbeid med G4S innan næringstryggleik.