Ein 17 år gammal gut frå Volda er dømt til fengsel i atten dagar på vilkår og ei bot på 5.000 kroner for å ha køyrt ein ATV i alkoholpåverka tilstand.

Guten var på køyreturen ved Vatnevatnet i Ørsta ei natt i januar.

Køyringa vart meldt, og politiet kom til staden. Guten vart teken med til blodprøve, og ho synte ei promille på 0,69. Blodprøva vart teken kring femti minutt etter køyreturen.

I Søre Sunnmøre tingrett vedgjekk guten dei faktiske forholda og straffeskuld. Dermed kunne det seiast ein tilståingsdom. Det inneber ein viss strafferabatt.

I retten vedgjekk guten å ha drukke fire cider og noko anna drikke.

Kjend skuldig

Retten finn at guten er skuldig i det han er sikta for.

I straffeutmålinga vart det vist til at forholdet normalt ville ha medført ei inndraging av førarkort  for ein periode mellom tolv og atten månader.

Retten viser til vedkomande sin unge alder, den korte vegstrekninga køyringa skjedde på, og at føring av ATV må sidestillast med køyring av moped sidan eit slikt køyrety er registrert som moped.

Retten kjem til at syttenåringen misser retten til å føre motorvogn i ein periode på tretten månader.

Dette kjem i tillegg til fengselsstraffa på vilkår, der soninga utgår med ei prøvetid på to år, og bota på 5.000 kroner.

Syttenåringen vedtok dommen.