Om ikkje lenge rullar den nyaste Volvo-reklamen på tv-skjermar landet over. Der kjem Ørsta-kvinna Castberg til å spele ei av hovudrollene, og ho løyner ikkje at nettopp det var ei minneverdig oppleving.

– Det er utruleg spennande å få vere med på slike oppdrag, og eg tykkjer gjennomføringa gjekk veldig bra, seier ho.

Audition

Søndag var ho i aksjon på ein fjellgard i Geiranger med ein fem år gamal gut, naturen og ein splitter ny Volvo som medskodespelarar.

– Det var eit livsstilsklipp der vi spelte mor og son, og han bada i eit trau medan eg vaska håret hans. Bilen, fjellgarden og den flotte naturen la rammene for «episoden», seier Castberg.

– Korleis fekk du denne rolla?

– Eg vart beden om å kome på audition i Ålesund etter at Synnøve Sorthe i Piaf Modeller hadde sendt nokre bilete til reklamebyrået «Uitch I scratch» i Danmark. Eg møtte sjølvsagt opp, og fekk i oppgåve både å fortelje om meg sjølv, og improvisere medan eg vart filma. Dei ville også ta bilde av meg framfor og frå sida – nærast som ein straffefange, ler ho.

Rutinerte Castberg seier ho ikkje var nervøs på auditionen, og klarte å vere seg sjølv til det fulle.

Herleg avbrekk

Dermed var det duka for deltaking i reklamefilmen. Sjølv om 40-åringen ikkje har ambisjonar om å leve av modellyrket, er ho klar på at oppdraga er eit herleg avbrekk frå den vanlege kvardagen.

– Det er spennande å få prøve ut nye ting, og utfordre seg sjølv i nye situasjonar. I helga visste eg til dømes ikkje kva eg gjekk til, og måtte ta ting på sparket, noko som er med på å «trigge» ein sjølv.

Fotogen

«Modellmamma» Synnøve Sorthe er i alle fall ikkje i tvil om kva som gjorde at Castberg fekk Volvo-rolla.

– Ho er ekstremt fotogen og dyktig framfor kamera, med eit talent for skodespel. Åse er avslappa og naturleg, noko som lyfter det ferdige resultatet, seier Sorthe.

Sistnemnde har hatt ansvaret for å finne alle dei 15 modellane til reklamefilmen, der Castberg spelar ei av hovudrollene.

– Dette er noko vi gjer ofte, og eg er alltid på utkikk etter nye talent. Særleg menn og par i 30- og 65-års alderen. Det er berre å ta kontakt, seier ho.

Synnøve Sorthe er fotograf, «Modellmamma» og grunnleggjar av Piaf Modeller. Foto: Synnøve Sorthe/Piaf Modeller