Godt med pølse frå bål! Eldsjelene i nystarta barnas Turlag Ørsta/Volda. Frå venstre Mona Helen Kile, Heidi Myhre, Cecilie Åmås, Ellinor Lund og Borgny Ottestad Knarvik.

På Årneset i Volda vert det servert nygrilla pølser frå bål. Sola steikjer og det er ein varm og idyllisk turdag – perfekt for små og store.

Det er slik dei spreke og turglade eldsjelene i nystarta Barnas Turlag Volda/Ørsta vil ha det. Kven som helst kan vere med.

– Ein treng ikkje born eingong, fortel Heidi Myhre og Borgny Ottestad i laget.

Undergruppe

Barnas Turlag for Volda og Ørsta er ei undergruppe av Friluftsforeininga i Volda. Intensjonen til begge laga er å bruke naturen aktiv, og få folk til å vere meir ute.

For Barnas Turlag er det sjølvsagt eit stort poeng at dei vaksne skal ta med borna i frisk luft. Og ein treng ikkje å ha drive hardtrening med pulsklokke i helsestudio for å delta.

– Å nei, vi skal arrangere turar alle kan klare å vere med på. Vi fokuserer sjølvsagt på at dette skal vere sosialt og kjekt, seier damene og spiddar pølser og marshmallows på bålet. Også ei spesiallaga “popkornmaskin” ligg over flammane – og jammen det sprett det popkorn i nettingen, som ivrige born på tur.

Elleve turar

Frå 29. april og fram til mars neste år er det lagt opp til elleve turar i nærområdet, også Ørsta er representert på turlista. Det startar med ein gåtur i Elvadalen, inkludert grilling og rebus. Turen endar på flotte Årneset ved Rotevatnet.

I juni skal laget på Vallasetra i Ørsta. Også Yksnøya og Høgetua ved Hovdevatnet er mellom dei varierte turmåla.

– Vi håper vi kan vere med og gje inspirasjon for meir bruk av den svært flotte naturen vi har ikring oss. Vi har så mange perler rundt oss som mange ikkje er klar over, erfarer Heidi Myhre og Borgny Ottestad.

Kajakk

Dei som vil kan betale familiekontingent på 200 kroner, som ikkje er krav, får mykje for pengane. For denne summen kan medlemmene m.a. få leige kajakkar eller lavvo gratis. på nettstaden www.friluftsforeninga.no står det meir om dette. Barnas Turlag har eiga side på Facebook, med oppdatert informasjon.

– Det er ingen grunn til å vente. Kom og ver med. Det smakar betre med pølser frå bål enn kjele! Lokkar Cecilie Åmås i turlaget og bit i pølsa.