Les også: – Ingen vil tilby oss bustad

– Kommunen si oppgåve er å gje flyktningar ein mellombels bustad i inntil fire år. Dette kravet har vi oppfylt. Alle flyktningar som blir busett får klar informasjon om dette. Dei får også informasjons om dei sjølve må skaffe eigna bustad ved ei evt. familieauke eller familiesameining dersom bustaden dei får tildelt ikkje er stor nok.

– Semret må altså klare seg på eigen hand?

– Ja, fordi dette står i retningslinene. Ho må gjere akkurat det same som andre flyktningar i hennar situasjon, nemleg å søkje på den private marknaden.

– Ho kom åleine

Flekke opplyser at storleiken på bustaden flyktningane får tildelt er bestemt ut ifrå talet på familiemedlem som kjem til Noreg. Ei gjenforeining eller eventuelle nyfødde som kjem i etterkant, spelar ikkje inn på fordelinga.

Semret kom åleine til Ørsta i 2008, og fekk ikkje sonen hit før 4. mai 2010. Året etter kom den nyfødde til verda. Ho vart tildelt den vesle leilegheita i sentrum med utgangspunkt i hennar situasjon då ho kom til bygda.

– Vi kan ikkje vite kven i familien som får avslag på søknaden sin eller ikkje. Det gjer det vanskeleg å leggje til rette for at einslege kan få større heimar, når det er mange om beinet, seier Flekke.

Hjelp

Trass manglande ansvarsplikt, seier flyktningkontoret at kommunen faktisk har hjelpt Semret med å annonsere i lokalavisa.

– Men vi skjøner at det kan vere vanskeleg å få napp i bustadmarknaden. Nokon får full klaff, og nokon gjer det ikkje.

På spørsmål om kva kommunen kan gjere med dei eventuelle manglane i Semret si leilegheit, svarar Flekke at viss der er noko gale med bustaden, skal dei melde frå til vaktmeister og huseigar.

– Det er gjort i dette tilfellet, seier Flekke.