– Dette er den beste julegåva Ørsta kunne få. At bandleggingane ved flyplassen vert oppheva opnar uante mulegheiter for bustader, næringsliv og trafikkløysingar.

Det seier ordførar Stein Aam etter at Ørsta kommune no formelt har teke i mot skrivet frå Avinor som fortel at endringa av dei såkalla hinderflatene ved Ørsta-Volda lufthamn, Hovden, er gjennomført.

– Dette inneber at krava til breidda for tryggleiksområdet er redusert, og at side- (hinder) flatene både startar nærmare rullebana og stig brattare enn tidlegare, forklarar lufthamnsjef Sverre Bae ved Ørsta – Volda lufthamn, Hovden.

Dei nye hinderflatene kjem som ein følgje av at Avinor har fått ei såkalla EU-sertifisering for Hovden, og Avinor er tydelege på kva konsekvensar dette har for arealbruken i området.

– Sidan restriksjonsplanen/hinderflatene i samsvar med den nye EU-sertifiseringa er mindre i utstrekning enn kva dei var i den tidlegare teknisk operative godkjenninga for lufthamna, kan kommunen om ønskjeleg omregulere områda nord og sør for rullebana basert på dei nye hinderflatene.

Bustader

Og det har ordførar Stein Aam tenkt å gjere.

– I området nord for rullebana, altså ovanfor E39, kan det no utviklast til dømes bustader. Dei som har hus i området, får eksisterande bandleggingar fjerna, og kan byggje på eller ut viss det er ønskjeleg, seier Aam.

Og området mellom Torvmyrvegen og rullebana er med eitt vorte eit aktuelt utbyggingsområde. Det nye regelverket seier at det berre er eit område førti meter ut frå senterlina på rullebana der restriksjonane gjeld.

– Det vil seie at gjerdet kan flyttast mykje nærmare rullebana, og vi får eit område mellom Torvmyrvegen og det nye gjerdet som kan byggjast ut, seier Aam.

Flyplasskrysset

Men det stoppar ikkje der. Også i endane av rullebana vert det endringar. Dette kan få følgjer for plasseringa av flyplasskrysset.

No er dette regulert som ei rundkøyring nokre timeter nedover i Hovdebakken frå dagens flyplasskryss.

– Det er faktisk ei mulegheit for at vi her kan omregulere, og flytte denne rundkøyringa tilbake der dagens kryss er. I så fall vil det verte langt rimelegare enn å byggje ei rundkøyring i ein bakke, seier teknisk sjef Rolf Magnus Sundgot.

Lufthamnsjef Sverre Bae tek eit likevel eit lite atterhald.

– Det er eit punkt om ei sone på 55 meter i endane av flyplassen. Vi må få avklart kva dette medfører, seier Bae.

Like eins opnar dei nye restriksjonane for at det kan byggjast i området frå R-senteret og opp mot Tussatun. Men her er det også eit atterhald.

– Det må gjennomførast ein test av kva tilhøve nye bygningar vil få for turbulens. Dette er allereie tinga av SINTEF, fortel Bae.

Torvmyrvegen

Ei anna mulegheit som opnar seg, er lenginga av Torvmyrvegen til E39. I samband med reguleringsplanen for Voldatunnelen, vert det føresett at Torvmyrvegen skal gå under den nye E39, og koplast til vegen vest for dagens rundkøyring i Furene. Dette er ei dyr løysing.

– No kan vi hente fram att planane om å få kopla han til E39 i området ved glattkøyringsbana. Det vil verte ei langt rimelegare løysing, utan problem med hjortetrekk osb.,seier Sundgot.

Informasjonsmøte

Men før det vert sett i gang arbeid med nye reguleringsplanar, vil det verte invitert til eit informasjonsmøte med grunneigarar, huseigarar og næringsliv i Hovdebygda om kva dei nye flyplassrestriksjonane medfører. Det møtet vil kome i januar.

Utbyggingsområde: Områda både nord for E39 og mellom Torvmyrvegen og inn mot rullebana kan no byggjast på. Foto: Kjell Arne Steinsvik Foto: Kjell Arne Steinsvik