Det går fram av ein rapport frå Stamina Helse som har vurdert inneklimaet på skulen.

Undersøkingane frå Stamina Helse kom i stand som følgje av bekymringar frå lærarar og elevar som har klaga på dårleg luftkvalitet, ubehageleg lukt, og hovudpine og trøyttleik når dei er i gamlebygget der ungdomsskulen held til. Undersøkingane viser at det er dårleg luftutskifting i klasseromma, noko Stamina meiner kan vere årsaka til plagene. Gamlebygget har ikkje ventilasjonsanlegg og der er minimalt med passiv ventilering. Difor driv skulen utlufting i friminutta. Dette gir likevel ikkje tilstrekkeleg med frisk luft gjennom ein heil undervisningstime. Det er ikkje funne synleg mugg eller sopp på skulen, og heller ikkje fuktig materiale som kan gi mugg og sopp. Men det vart funne eit område med moderat auka fukt i betonggolv.

På sikt meiner Stamina ein bør montere eit balansert ventilasjonsanlegg på skulen. Betre rutinar for utlufting kan gjerast som strakstiltak.