Og det er Kjetil Leira (50) som er valt til ny leiar for småbåtlaget, og som vart valt på eit ekstraordinært årsmøte no i mai.

– Å fylle skoa etter Svein vert ikkje enkelt. Han har lagt ned ein stor og omfattande innsats for småbåtlaget gjennom mange år. Men dersom vi fordelar oppgåvene på fleire, skal det nok gå bra, seier Kjetil Leira.

Han takka på vegner av småbåtlaget måndag Svein Steinnes for innsatsen ved å gi han blomster i Hamneparken.

Steinnes, som har vore kalla Caramba sidan han var gutunge, ser tilbake på mange fine år i småbåtlaget.

– Eg har hatt det veldig kjekt og triveleg i styret i småbåtlaget. Av og til har det også vore travelt, ikkje minst i samband med hamnefestane. Men det har vore givande å kunne bidra til at vi har den flottaste småbåthamna på Sunnmøre, seier Steinnes.

Han kom inn i styret i småbåtlaget på slutten av 1990-talet etter å ha sete i valnemnda. Og Svein har vore både sekretær, nestleiar og dei siste åra leiar for laget.

Der har han opplevd ei til dels rivande utvikling for småbåthamna der det i periodar har vore satsa stort på utbygging. Eit av dei store åra var i 2009.

Betong

– Då fekk vi betongbrygger samtidig som at Hamneparken opna. I parken har vi bidrege m.a. med oppsetjing av fyrlykt og sjømerke som prydar parken på ein fin måte. Mudringa av hamna var også eit omfattande prosjekt, fortel Svein.

I dag står fram småbåthamna i Ørsta sentrum som ei prakthamn av beste klasse. Hamna er populær både for bygdefolk og tilreisande, og kvart år er det mang langvegsfarande langs kysten som legg turen innom hamna.

– Vi har i alle år satsa på godt vedlikehald av hamna som har kring 165 båtplassar og medlemmer. I tillegg har småbåtlaget ein del støttemedlemmer. Vi har ikkje same trykket på båtplassar i dag som tidlegare, og vi ser at ein del som tidlegare var båteigarar no køyrer rundt med bubilar, registrerer Svein.

I helga som var, då det var stordans med Vassendgutane i Kiwihallen, var det ein god del bubilar å sjå i småbåthamna. Hamna har lagt til rette også for desse, og bubilgjestene får bruke både straum, vatn og sanitæranlegget i hamna.

Det neste skippertaket for småbåtlaget er hamnedansen i samband med Saudehornet rett opp i august.