2. juledag er aktivitet i Voldahallen stor kvart år. Under årets TussaCup var det totalt seksten påmelde lag. Fjorårsvinnar Oransj, Fjord Fjell og Fyll frå Sæbø, Åmdal 2 og Volda All Star spelte seg fram til semifinalane.

Jørgen Winjevoll sende Fjord Fjell og Fyll i leiinga i den første semifinalen mot Oransj. Ola Heltne Nilsen utlikna for heimefavoritten, og Tobias Evebø sende Oransj til finalen med 2-1-siger.

I den andre semifinalen gav Petter Aasen Åmdal 2 leiinga. Daniel Aakre dobla leiinga nokre minutt seinare, og Åmdal 2 vann kampen 2–0.

I finalen gav Heltne Nilsen Oransj leiinga etter fire minutt. To minutt seinare utlikna Aasen for Åmdal 2. Etter ti minutt gav Nikolai Brune Engeset Oransj leiinga 2–1. Åmdal 2 køyrde kampen mot slutten, men lukkast ikkje i jakta på utlikning. Dermed vart det siger til Oransj også i år.

Tobias Evebø vart toppskårar i turneringa med tolv skåringar.