Det skriv avdelingsleiar for plan og miljø i Ørsta kommune, Gunnar Wangen i eit brev der kommunen bed om pristilbod for flytting/riving av huset på Odinhjørnet.

To alternativ

Dagens reguleringsplan føreset at huset skal verte rive, medan eigaren har eit sterkt ønske om å kunne ta vare på huset. Kommunestyret har også gjort vedtak som seier at Odinhjørnet er eit viktig kulturhistorisk bygg for Ørsta, og at føremålet med omregulering er å sikre området/bygget til verneverdig/bevaringsføremål.

Wangen skisserer dei to alternativa slik:

1. Odinhjørnet vert rive til fordel for ei best mogleg vegføring for å sikre interessene knytt til trafikktryggleik og veg. Ved riving vil det måtte verte betalt erstatning i samsvar med vanlege erstatningsrettslege reglar. Det inneber at det vil vere behov for å innhente takst på hus og grunneigedom.

2. Vegen får ei mindre optimalisering av sin geometri, for å betre sikt og trafikktryggleik så mykje som råd. I skisseutkastet er det føresett at tilbygget mot nordaust vert fjerna. Det kan også tenkjast at det nordlege hjørnet av tilbygget kan verte kutta av.

– Det er usikkert om alternativ to i stor nok grad varetek omsyn til trafikktryggleiken. Det er difor også omtala og vurdert flytting som alternativ til riving. Det er såleis behov for vurdering av om det er teknisk og økonomisk forsvarleg å flytte bygget.

Flytte

Også her skisserer Wangen to alternativ. Det eine er å flytte bygget til ny tomt til krysset Kyrkjegata/Berte Kanutte-vegen. Det andre er å flytte bygget innanfor eksisterande tomt/område. Flyttinga er då tenkt relativt få meter.

– Dette er truleg mest realistisk om ny grunnmur kan førast opp ved sidan av eksisterande bygg før flytting.

Kommunen bed om pristilbod innan 12. januar 2017.