Politiet la ut denne meldinga på Twitter tysdag klokka 18:30: " E39 området Barstadvika rett før Festøy fergekai: Melding om trafikkuhell, to bilar og to personar skal vere involverte, ikkje meldt om personskade, sender patrulje til staden, vert oppdatert."

Oppdatering ca 1850: " Påkøyrsel bakfrå, personen som er involvert vert sjekka av helse, luftambulanse er i ferd med å lande på staden."

Ny oppdatering: ca 1900: "Luftambulanse står i det eine køyrefeltet, det vert dirigering på staden til helikopteret forlet staden, dei involverte blir mest sannsynleg køyrt til legevakt med ambulanse."

Om lag klokka 1930 var det igjen normal trafikkavikling på E39 ved Festøya.