Å ete sunt og variert, kombinert med fysisk aktivitet er bra for kropp og velvære. Ofte kan små grep ha stor verdi for helsa, enten det handlar om å velje vatn framfor brus når ein er tørst, ta trappene i staden for heisa eller å bytte ut kjøtdeig med laks til tacoen.

Meksikansk taco har vorte ein del av vår matkultur. Taco er populært, smakfullt og favorittmaten til mange både barn, ungdom og vaksne. Helsepotensialet ligg i å bytte ut kjøtdeig som inneheld metta feitt til laks med sunt fleirumetta feitt. Lykke til med små grep og gode matval på nyåret, små endringar kan gi deg betre helse!

Ingrediensar til 4 porsjonar

500 g laksefilet, utan skinn og bein

½ stk. lauk

2 ss margarin

1 pk tacokrydder

1 dl vatn

1 glas tacosaus

8 stk. tacotubs

Tilbehøyr

½ stk. salat

½ stk. lauk

½ stk. paprika

2 stk. tomat

1 stk. agurk

1 dl mais

100 g riven kvitost

3 boks lettrømme

1 boks salsa tacosaus

Framgangsmåte

• Sett steikeomnen på 125 °C eller temperaturen som står på pakken med tacotubs.

• Skjer laksen i terningar.

• Reinsk og finhakk lauken.

• Steik lakseterningane raskt i flytande margarin i ei varm steikepanne saman med halvparten av tacokrydderet. Legg laksen til sides.

• Surr lauken blank saman med resten av tacokrydderet.

• Tilsett vatn og tacosaus, og gi alt eit oppkok.

• Legg laksen tilbake i steikepanna, legg på lok og la laksen bli varm.

• Varm tacotubs i steikeomnen rett før servering, slik det står på pakken.

Tilbehøyr

• Vask og reins issalat, lauk og paprika, og skjer dei tynne strimlar.

• Vask og skjer agurk og tomat i bitar.

• Legg salat, grønsaker og ost på fat eller i skåler til servering.

Fyll varme tacotubs med grønsaker, ost og laks, og server med rømme og salsa tacosaus.

Tips: Du kan variere ved å bruke tacoskjell eller tortillaslefser.

Kari Ryslett