Dei sosiale forskjellane har auka her i landet sidan 2014, går det fram av ein fersk rapport , som er bestilt av Helse- og omsorgsdepartementet, melder forskingsmagasinet Gemini.

Her går det fram at menneske som strevar med fattigdom, lever kortare enn rike. Ungdom av foreldre med låg sosialøkonomisk status oftare slit psykisk. Folk med kort utdanning røykjer fem gonger så mykje som dei med lang utdanning.

– Trass i politiske ambisjonar om å redusere sosiale forskjellar i helse og livskvalitet, har forskjellane mellom nordmenn auka, seier professor Ottar Ness ved Institutt for pedagogikk og livslang næring ved NTNU. Han leier også WellFare – Nordisk forskingssenter for livskvalitet og sosial berekraft.

Han meiner at ein del grupper som strevar med levekårsproblem, og som opplever diskriminering, lever langt kortare liv med lågare samfunnsdeltaking og dårlegare livskvalitet.

Arbeidet med den aktuelle rapporten vart leidd av sir Michael Marmot, direktør for Institute of Health Equity ved University College London. Han er også æresdoktor ved NTNU.

– Barnefattigdom er ei årsak til helseforskjellar i eit samfunn. Det viser oss kva vi må forbetre, seier han.

Barnefattigdomen i Noreg er låg i internasjonal målestokk, men han aukar raskare enn for innbyggjarane elles. Marmot meiner dette viser at det er på tide å handle. Han meiner at auken i barnefattigdom gir gode argument for å auke utgiftene til ytingar og tenester i tråd med levekostnadene.

(©NPK)