No er det på bordet: Adm.dir. Øyvind Bakke i Helse Møre og Romsdal vil legge ned Mork rehabiliteringssenter i Volda. Onsdag ettermiddag kom dokumenta til styremøtet i Helse Møre og Romsdal 1. februar.

Ved å samle tilboda kan dei spare ei nattevakt, ein leiar, totalt minst 10 færre stillingar. Det er rekna ein årleg reduksjon i kostnadsnivå på minimum ti millionar kroner.

Men det er ikkje utan risiko.

– Foreslått samling av dei to tilboda vil få innverknad på begge fagmiljøa. Spesielt vil dette bli krevjande for dei tilsette ved Mork som vil få lang reiseveg til Ålesund, skriv Bakke i si tilråding.

Mork rehabiliteringssenter Foto: Kjell Arne Steinsvik, Møre-Nytt (arkiv)

Dei tilsette ved Mork vil få tilbod om arbeid ved fysikalsk medisin og rehabilitering i Ålesund sjukehus, men adm. direktør har stor forståing for at mange heller ønskjer å finne andre løysingar.

Bygningane på rehabiliteringssenteret på Mork har ifølgje helseføretaket eit prekært behov for oppgradering og utbetring. Bakke ser inga moglegheit til å skaffe kapital til dette. Han ser derfor ingen veg utanom å selje eigedommen.

Forventa salssum vil ligge over 10 millionar kroner, ifølgje dokumenta til styret.

Bakke ser det som ein styrke for rehabiliteringstilbodet å få ei lokalisering i tilknyting til sjukehus.

– Seksjonen i Ålesund har fysisk nærleik til alle relevante spesialitetar innanfor diagnostikk, somatikk og psykiatri – tenester som kan vere naudsynt i eit rehabiliteringsforløp. Det er óg nært samarbeid med Trøndelag Ortopediske Verkstad som er lokalisert i Habiliteringsbygget ved Ålesund sjukehus, skriv Bakke i tilrådinga til styret.

– Kvaliteten ved Helse Møre og Romsdal sitt tilbod innan spesialisert rehabilitering vil ikkje blir forringa som følgje av samlokaliseringa. Eit større fagmiljø kan vere positivt i tiden framover med tanke på å lykkast med å rekruttere personell til føretaket, samt spisse fagutviklinga gjennom forskning, skriv Bakke vidare.