Det heiter det i ei fråsegn frå Volda eldreråd, stila til leiar Hans Olav Myklebust i forstandarskapen i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

Samrøystes går eldrerådet i mot ein fusjon mellom Sparebank 1 Søre Sunnmøre og Sparebank 1 Midt Norge.

– Eldre er avhengige av enkel tilgang til dei tenestene banken yter. Det er vel kjent at terskelen for å nytte desse tenestene, har vorte høgre i og med den omfattande digitaliseringa som er gjennomført. Ei banksentralisering der vår til no sjølvstendige bank, skal leiast frå Trondheim, kan vere med på å gjere dette banktilbodet til eldre i Volda mindre bra, heiter det i fråsegna.

Eldrerådet i Volda registrerer at partane i den føreslegne fusjonen seier at tenestene skal verte dei same.

– Erfaringa vi ser rundt oss, seier noko anna. Mange av verksemdene som har fusjonert slik bankane no planlegg, har blitt mykje vanskelegare å nå. Og lokalkunnskapen dei har, er ikkje teken vare på. Felles sentralbord er t.d. vanleg i slike høve, med personale som ikkje kjenner dei lokale forholda, og som med det ikkje er i stand til å yte den sørvisen lokalkjende er i stand til, heiter det i fråsegna.

– I eldregruppa er det mange som har erfaringar og minne frå andre tider då lokal forankring og omsut var viktig og avgjerande for utvikling og trivnad. Der er også mange som hugsar at ikkje alle bankfusjonar har gitt gode resultat, slik det no er lovnader om. Tvert om, det kan også gå gale, heiter det vidare.

Eldrerådet peikar på at bankane sine folk har lova at banken skal auka eige utbyte, og ha større midlar å sette inn der dei trengst.

– Om det let seg gjennomføre er ikkje sikkert, hendingane i verda dei siste månadane, tyder kanskje på at vilkåra for meir vekst og større utbyte ikkje lenger er så gode. Det kan hende ein kjem lengst med å ta vare på det ein har, og utvikle det, heiter det i fråsegna frå Volda eldreråd.