Ei undersøking Ipsos har gjort for Sjømatrådet viser at dei fleste norske barn og unge et fisk for sjeldan, og at dei et snacks og godteri mykje oftare enn fisk, skriv Seafood.no.

Helsedirektoratet tilrår fisk til middag to-tre gongar i veka, i tillegg til fisk som pålegg. Undersøkinga viser at berre 7 prosent et fisk til middag minst tre gongar i veka og over halvparten et fisk sjeldan eller aldri som pålegg.

Det er 6 prosent som så godt som aldri et fisk til middag.

Til samanlikning et 23 prosent snacks og godteri minst tre gongar i veka.

(©NPK)