Kunstig intelligens (KI) kan vere eit fantasisk hjelpemiddel, også i avisbransjen. Mellom anna er målet med vår bruk å frigjere tid for journalister slik at vi kan lage endå betre saker. Men bruk av slik teknologi skal ikkje kome i strid med dei etiske retningslinene vi forpliktar oss til. Møre-Nytt forpliktar seg til å følgje Ver Varsom-plakaten (VVP) og Redaktørplakaten.

På same tid skal Møre-Nytt vere offensiv og famne om bruk av ny teknologi for å utføre samfunnsoppdraget på best mogleg måte. Målet er å auke kvaliteten på journalistikken, skape betre verktøy for journalistane og utvikle nye metodar og tenester til beste for våre lesarar og kundar.

Alt innhold der kunstig intelligens har vorte brukt, skal gåast igjennom av ein redaksjonell medarbeidar.

Merking:

  • Der kunstig intelligens er brukt til å skape innhald, skal dette merkast tydeleg.

  • Møre-Nytt skal ellers vere open til publikum dersom KI er brukt i arbeidsprosessen, og opp mot kjelder, der det er relevant.

  • Om KI er brukt som hjelpemiddel til å hente inn informasjon, eller omsetje språk, er det ikkje naudsynt å opplyse om dette.

Handtering av sensitiv informasjon:

  • Vern av kjelder er eit grunnleggjande prinsipp i journalistikken og naudsynt for at vi skal utfylle vårt samfunnsoppdrag. Difor stiller det strenge krav til deling av informasjon til KI-modellar. Teknologien skal ikkje brukast på ein måte som kjem i konflikt med kjeldevern.

  • Hovudregelen er at vi ikkje brukar upublisert materiale i KI-modellar, slik at vi ikkje lenger har kontroll på informasjonen vår. Eventuelle unntak skal avklarast med redaktør.

  • Opptak av intervju kan bli transkribert ved hjelp av KI-modellar, men ikkje når det gjeld innhald av sensitiv karakter. Dette skal skje i sikre lagringsmiljø, i lukka tenester eller lokalt på eiga maskin.

  • Kunstig intelligens kan brukast til å lage kode, men same krav til sensitivt og upublisert materiale gjeld her. Plugins eller andre KI-løysingar som koplar seg opp mot informasjonsmiljø skal ikkje brukast med mindre leverandør er sikkerheitsklarert, og ein har ein direkte avtale føre seg.

Foto:

  • Møre-Nytt pliktar å verne om truverdet til det journalistiske fotografiet, jf. VVP 4.11. Ved eventuelt manipulerte bilete, skal dette merkast tydeleg og ha ein journalistisk hensikt.

  • Lesarane skal ikkje vere i tvil om kva som er ekte og kva som er skapt av KI.

  • KI skal ikkje brukast til å redigere bilete på ein måte som skil seg frå ordinær bilderedigering.

  • Redaksjonen plikter også å verifisere bilde som kjem inn til redaksjonen, så godt det let seg gjere.

Illustrasjonar:

  • Illustrasjonar, grafikk og modellar som er skapt av KI skal godkjennast av redaktør før publisering. Dette skal vere tydeleg merka.

  • Møre-Nytt skal berre bruke KI-genererte illustrasjonar frå modellar som er trent på lisensiert innhald, materiale utan opphavsrett og/eller som ellers kan brukast fritt.

Bruken av kunstig intelligens er i rask endring, og retningslinene våre vert difor vurdert og oppdatert fortløpande.