Møre og Romsdal landbruksselskap ønsker å dele ut ein pris for å heidre folk i landbruket som har gjort ein spesiell innsats for å fremje næringa,s kriv Ørsta kommune.
– Prisen kan gå til ein gardbrukar som har hjelpt ein kollega. Eller ein gardbrukar som har inspirert andre ved god drift. Den kan også gå til nokon som har gjort ein ekstra innsats i å utvikle lokalsamfunnet.
Det fortel Brit Kari Eidseflot Hauger. Ho er assisterande direktør på landbruksavdelinga hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.
Eidseflot Hauger seier, ifølgje kommunen, at det er mange dyktige personar i landbruket som gjer ein innsats som kan kvalifisere til ein slik pris. Og ho synest at det er viktig at desse får den anerkjenninga dei fortener.
Ønsker kandidatar Forslag til prisen må komme innan 15. januar.
– Vinnaren får eit kunstverk og 10.000 kronar. Prisen skal overrekkast på Landbrukskonferansen i starten av mars, fortel Eidseflot Hauger.
Alle kan komme med forslag til kandidatar.