Tre av ti 9–18-åringar skulle ønskje dei kunne logge av oftare, og omtrent like mange slit med søvn på grunn av mobilen, viser undersøkinga Barn og medium 2022, som er gjennomført av Medietilsynet.

Ungdommar på Fyrstikkalléen vidaregåande skule i Oslo har på spørsmål frå Medietilsynet jobba fram tiltak for å kutte i skjermtida. Bakgrunnen var at mange barn og unge sjølve har sagt at dei vil logge av.

– Medietilsynet ønskjer å bidra til at dei unge blir meir klar over eigen mobilbruk. Når mange sjølv ønskjer å vere mindre på skjerm, tenkte vi at det kunne vere fint å utfordre ungdommane til å sjølv foreslå kva som kan gjerast, seier direktør Mari Velsand i Medietilsynet i ei pressemelding.

Ungdommane meinte det var mykje bra med mobilen, som musikk, filmar og kontakt med venner. Men dei likte ikkje å kjenne seg avhengige, og å oppleve at tida berre forsvinn når dei er på telefonen. Elevane kom fram til desse ti tips for å redusere skjermtida:

1. Legg igjen mobilen heime når du skal ut ein tur

2. Slett tidstjuvane (appane som stel mykje tid)

3. Ha ikkje mobil på soverommet

4. Finn ein ny hobby

5. Maks to timar skjerm om dagen

6. Ingen varsel (nesten)

7. Legg telefonen ein fast stad heime

8. 24 timar utan telefon

9. Berre skjerp deg!

10. Test Hold-appen

(©NPK)